torsdag 29. april 2010

Verdens Ende

Vi fann fram til Verdens Ende på Tjøme.
Der er veldig fint tillaga med stiar, rasteplass og eit restaurert fyr.
Der er restaurant og.
Litt surt og kaldt då vi var der.
Vi vil komme att til sommaren og ha med mat.

I bakgrunnen ser vi Færder fyr.

Kvalkjeften i Sandefjord


torsdag 22. april 2010

Kaffirast ved Borgund Stavkyrkje



Det var flott ver over Hemsedalsfjellet. Litt kaldt, men sol.
Vi hadde matrast ved Borgund Stavkyrkje.
Der held dei på med restaurering av kyrkja.

tirsdag 20. april 2010

Agnethe er komen.

Camilla og Bjarte fekk ei jente i dag, 20. april.
4220 / 51.
Alt vel! Sjå bilete på Bloggen vår:

søndag 18. april 2010

Onkel Pål 70 år

I går feira vi 70-årsdagen til Pål. Feiringa var også for tante Wenche
som fylte 70 i januar og var på ei Kanariøy på dagen.
Pål hadde laga nydeleg fiskesuppe med fem slag fisk som
vi fekk til lunsj.

Seinare på kvelden vart det fin middag med lammesteik
og fløytegratinerte poteter.
Vi kosa oss med god mat og eit nydeleg dekka bord.
Blomsterbuketten var frå barna på austlandet.


tirsdag 13. april 2010

Barnedåp og bryllaup i Steinhovden

Eg vil rå til at alle som vil oppdatere seg om slekta
går inn på bloggane Edels lille vinkel, Langøy budstikke
og Bloggen vår (bla langt nedover) som de finn i blogglista mi.

mandag 12. april 2010

Sundagstur til Kvitneset og Hjørungavåg.

Monumentet ved Overåsanden er flott!
Det er til minne om slaget ved Hjøungavåg for 1000 år sidan.
Hadde dei ikkje vunne over Jomsvikingane, hadde vi kanskje vore danskar??

Vi gjekk tur på Kvitneset på Brandal. Fint å gå der!
Der er mykje minne om krigen.
Kanonstillinga har passa på leia inn til Ålesund.

Og her innsiglinga frå havet.

Dette har nok vore porten inn til leiren.

Bunkersen vil nok stå her til evig tid.
Han er solid laga.

Vårarbeid på hytta.

No har eg strødd 40 kg kalk på bakken for at einstapen ikkje skal trivast.
Får sjå til sommaren om det virkar.

Ein nydeleg dag på laurdag.
Ein kvit prikk bortpå. Det er Hans som fiskar i den kvite båten.
Eg likar betre at han brukar Ulven. Men han er endå i naustet.

Dulka har raka rundt hytta og heile bakken ned.
Ho er svært flittig og likar det godt.
Vi har brent store dungar med gras på bålet.
Eg likar ikkje så godt å brenne det på rot.

Kaffirast på laurdagen i sola.
No er det blitt ryddig og fint her!

mandag 5. april 2010

Første påskedag.

Dagstur til hytta på første påskedag etter middag.
Elin og fire jenter var med.
Vårstemning. Elin fekk lyst å brenne gras.

Marsmelon er noko ein grillar på bål.

Vi hadde kaffi i sola ved naustet. For mindre enn ei
veke sidan laga dei ein snømann her!
Sjå førre innlegg med bilete frå 29 mars.

lørdag 3. april 2010

På Kolåstinden

Eg har ikkje vore på Kolåstinden. Ikkje har eg ambisjonar om å komme der heller.
Kari, Elin og Tore gjekk opp der i dag.
Det var ein flott tur, sa dei. Og der var mange på tur der i dag.
Vi andre kan i alle fall glede oss over å sjå på bileta deira.