lørdag 31. januar 2009

Familien på gården















Mathias, 3 mndr., Olaug, Marthea, 5 år og Frode

Den nye gutten

Dette er Mathias Oliander , 3 månader, på fanget til mamma Olaug.

torsdag 29. januar 2009

Januar i Ørsta

Om det er vinter i fjellet, er det vårleg her nede, plussgrader kvar dag. I dag skein sola både i Osskaret og lenger vest. 4 - 7 grader.
Og i kveld er det flott å sjå nymånen og ei klar Venus tett i lag i vest.

onsdag 28. januar 2009

Posted by Picasa

Innvandrarkvinnetreff

Torsdag 22. januar hadde vi innvandrarkvinnetreff i Røde Korslokalet.
Over 20 kvinner kom. Dei var frå 10 ulike land, Nepal, Tsjetjenia, Eritrea,
Kongo, Malawi, Burundi, Irak, Palestina, Montenegro og Noreg.
Vi kosa oss med vaffelsteiking.

tirsdag 27. januar 2009

Førebuing til 8. marsarrangement

I kveld var første møtet i 8. marskomiteen. Fem damer møtte: Torbjørg, Gudny, Bente, Reidun og eg. I år er 8. mars på ein sundag. Vi bestemte å ha gudstenesta i vanleg kyrkjetid klokka 11 og ikkje klokka 18. På festen klokka 19.30 skal det vere fleire appellar. Og song og musikk og spennande mat. Begge arr. er for alle, for menn og. I fjor var det sirka 80 damer på festen.

mandag 26. januar 2009

Sundagstur

Sundag spaserte vi på Sætre.
Nydeleg i sola. Skulle ikkje tru det er januar.
Posted by Picasa

Ny blogg i januar 2009!

Dette er ganske spennande!
Eg prøver no den nye bloggen.