torsdag 25. juni 2009

Jonsok feiring i Kjeldsund















Jonsokafta var vi i Kjeldsund. Det er fem minutt
å køyre frå hytta.
Der var rømmegraut, lapskaus og kaffimat å kjøpe.
Ein nydeleg kveld med flott bål.














Pikene på broen. Jorunn og Bjørg på Kjeldsundbrua.

søndag 21. juni 2009
















Fin sundagstur på Kvamsøya. Matrast på sørsida og veldig fin tur på sanden i Ristesund.















På fisketuren fekk vi 17 bra store seiar. Djema bloggar dei. Sander var ivrig fiskar medan Adis filma med mobilen. Men Hans måtte til for å løyse fisken av krokane.














Måseflokken fylgde etter båten, ivrige etter å få fat i sloget.














Det første måltidet i kjøkenkroken som Hans har laga for
sommargjestar. Han har laga bord og benk.
Nett her var naustkjøkenet i gamle dagar, før vi fekk hytta.
Det har no vore båtplass i nokre år.
Det er noko usemje om lampettane, om dei passar inn.
Dei er av messing og han har funne dei på Miljøstasjonen.
Vi åt rømmegraut som er i plastpose og skulle berre varmast i vatn.
Meir og meir lettvint!














Læraren stikk seg fram igjen!
Vi har samla nokre saker frå gamle dagar i naustet.
Her held ho "time" for gutane som var på besøk.

tirsdag 16. juni 2009

Hos bursdagsbarnet Solrunn


Lillesøster Solrunn var bortreist på dagen sin, men då ho kom heim att, vart det feiring!
Nydeleg blomsterbukett laga av Anette som jobbar i bransjen. Og kake laga av same dama. Kjekt med døtre!
Og kjekt med samling av barn, svigerbarn og nokre til, (Hans og Bjørg).















Mykje gul blomsterprakt rundt Solrunn og John sitt hus på Stranda. Det er gyvel og det blå er lupiner.

søndag 14. juni 2009

Fjelltur i Steinhovden
















Denne vegen har eg aldri gått endå eg har vakse opp i denne bygda.
Det er ein ny flott skogsveg opp på høgda, bygd for ti år sidan.
Utsyn innover mot Mannjen og Håsteinen og utover mot Timbrøya.

Sundagstur over Høydalsfjorden
















Sundag ettermiddag hadde vi ein fin tur med bror Arne sin båt over fjorden til Ausevik. Vi hadde kaffi med og kosa oss ombord på overfarten. Utsyn til Store Høydal og Håsteinen.
I Ausevika held dei no på med å lage til for å ta mot turistar i helleristningsfeltet.
Der er bygd eit fint toalettbygg og laga stiar fram til og langs helleristningane.
Seinare kjem nok og eit hus med souvenirar og kafe.


mandag 8. juni 2009

På hytta.

Det var fint på hytta i pinsa.
Varmt nok til å sole seg. Om føremiddagen er det fint på nedsida, midt på dagen på verandaen og om kvelden på terassen på oppsida.
Første pinsedag var vi til Stadlandet og såg det historiske spelet på Dragseidet "På Sverdeggja".
Andre pinsedag fekk vi besøk frå Måløy.
No etter pinse har vi vore på hytta og drive vårarbeid.















Eg har skore vekk all einestapen i bakken. Det var ein tung jobb. Vi har no frakta alt til Miljøstasjonen i Ørsta. Hans slit med slåtten. Det var mykje og tungt gras etter at vi har vore borte lenge.















Heile bakken var full av einestape. Rhododendronane blomstra fint. Vi har hausta rabarbraen. Og i kjøkkenhagen spirer det.















Leif fann mykje fin einematerial.
Han lagar fine ting i kjellaren i Måløy. Koseleg med besøk frå Måløy på hytta.

onsdag 3. juni 2009

Maitur til Tunis
















Vi har vore på ei vekes tur i Tunis i lag med Elin og dei tre døtrene hennar.

Vi kosa oss med frukosten i femte etasje.
Flott utsyn over byen.
Kjekke servitørar.
Vi åt også dei fleste middagar her.
Då kunne vi forsyne sjølve i buffeten, og maten var god. Det var kylling, spaghetti, kalkun, fisk, lever, koskos, gode grønsaker, både kokte og rå. Til dessert fekk vi frukt og is.















I gåavstand frå hotellet er ei nydeleg badestrand.
Og tvers over gata dette flotte badeanlegget. Vi hadde og basseng på hotellet.
Så dei badeglade hadde rikeleg med badetilbod.















Den romerske arenaen i El Jem er eit fantastisk byggverk.















Vi handla hos ei kjekk dame i souvenirbutikken. Inga hadde veldig lyst å køyre med hestedrosje.