fredag 12. februar 2010

Mormor syr leirbålkapper.

Til sommaren skal det vere landsleir på Lista.
Då må heile troppa ha like leirbålkapper.
I dag har eg gjort ein innsats med å sy fire kapper.
Den eine er for Helene.

Kari laga nydeleg fiskemiddag.
Det var torsk frå Leikong, og det smakte nydeleg.

3 kommentarer:

Besta sa...

Du er jammen litt av ei mormor, som til og med SYR! Torsken såg nydelig ut. Fersk torsk kunne eg godt tenkt meg, men vi må vel grave fram båten først?

Annfrid sa...

Torsken såg god ut.Olav og ein kamerat skal ut om Grasøya for å fiske torsk i morgon.Eg hadde vore tryggare om Per hadde vore med,men han har ikkje fri i morgon.Gratulerer til Mathias.Seinare må eg få vite av mormor korleis dei organiserer skulegangen på NewZeland når eleven får byrje på 6-årsdagen.(13.feb. feira vi bryllaup i Bergen med Dag sin son, Henrik).

Bjørg sa...

Takk for kommentarar, begge to!

Når du kjem til Ørsta, Annfrid, skal vi sjå i reisebøkene mine om kva eg har skrive om skulesystemet i New Zealand og Australia. Det var kanskje på 5-årsdagen dei begynte på skulen.