mandag 27. august 2012

Heimreisa til Larvik

Det regna då vi reiste frå hytta. Men då vi kom gjennom tunnelen og ut ved 
Bøyabreen, skein sola og det passa fint med ein kaffirast.
Eit par kyr hadde vi og besøk av. 
Turen til Larvik gjekk fint over Hemsedalsfjell og ned forbi Krøderen og treet Den Gamle mester.
Vidare ned til Drammen og så var vi framme i åttetida.
Heime i huset vårt kom Elin med fårikål til oss.
I dag har vi hatt fint sommarver her. Likevel litt haust i lufta.
 Eg har ordna med potteplantene. Dei har klart seg bra i 
vatningsanlegget mitt.



1 kommentar:

Besta sa...

Då tok de den vegen vi par reise. Typisk å møte fineveret når ein kjem til Sogn. I dag har vi hatt det nydelig her, men det blir vel med denne eine dagen.