Inga og ei veninne besøkjer oss ein dag i veka. Dei kjem rett frå skulen
og gjer lekser her. I år har vi også "skulekjøkken". Dei lagar middag med litt
hjelp. Det likar dei godt og er flinke. I går hadde vi kokt pir, agurksalat og
rømme. Det smakte for alle.
Litt var det å ordne i hagen. Der var ikkje så mykje ugras,
men sukkerertene måtte bindast betre opp.
Dei var store og tunge og hadde brote ned stativet.
Ein del belgar er ferdige. Neste år vil eg prøve med tomatar.
Formiddagsmat på terrassen.
Då vi kom tilbake, var asfalten lagt. Det vart fint.
Hans har laga støtter under bærbuskene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar