lørdag 18. juli 2009

Fiskefabrikk















Hans sløyer og fileterer. Min jobb er å skjere ut
fisken så han er skinn- og beinfri. Det er seint arbeid,
men så blir han lett å ta att. Eg kokte kraft på avskjeret.
Til å koke kamsen i.

3 kommentarer:

Besta sa...

Dette minner om slik vi har det, men Nils gjer fisken heilt ferdig ute i garasjen, så eg slepp å ta i den før han skal vidareforedlast.Det er i slike høve ein fordel å ha ein mann som har vore fiskar og som har jobba på fiskemottak.I går hadde vi kokt småsei, i dag skal vi ha steikt sei.I morgon kjem Rasmus og då må vi ha litt andre rettar også.
Brukar du å lage blanda-ball? Eg har gjort det nokre få gonger og vi likte det godt.

Bjørg sa...

Nei, eg har ikkje laga blandaball. Det må eg kanskje lære.
No får vi besøk av alle barna med familier. Dei seier dei er interesserte i fisk også til å ha i frysaren. Vi kjem til å vere mest på hytta. Det er der vi best kan fiske. Kari kjem f.k. onsdag. Dei er fem. Så kjem Elin på måndag om ei veke. Dei er og fem. Og Asle kjem onsdag om ei og ei halv veke. Dei er seks. Vi har mange overnattingsplassar på hytta.Campingvogn og rom i naustet.Det blir spennande å vere alle samla.

Besta sa...

Rasmus kjem til oss i kveld, dei er berre fire. Solveig og Margrete bur så nær at dei kjem på dagsturar. Eg hadde ikkje orka å ha alle buande på ein gong. Men vi var samla nestan heile storfamilien i Ørebro, berre dei to eldste til Solveig mangla. Eldstemann jobbar i sommar som sportsjournalist i VG-nett,han skal begynne i avisa Firda til hausten. Nr.2 begynner på jusstudiet i Oslo.