tirsdag 30. august 2016

Garden Myra som vart Furuly


Bygdevandringa under slektstreffet hadde stopp på gamlevegen for å sjå og høyre om garden som oldefar Anders dyrka opp.
Anders kom heim i 1930 etter sju år i Amerika. Kanskje hadde han drøymt om å få seg ein farm i Amerika. Men då bror hans skreiv til han at han kunne få kjøpe Kvia som var oppdyrka, bestemte han seg for å reise heimatt. Han budde heime på Plassen første par åra, hjelpte foreldra, deltok nok i båtbyggjing. No vart det ikkje kjøp av Kvia. I staden fekk han kjøpe Myra, eit stykke utmark med furuskog på ei myr. Han budde i Kvia medan han bygde og dyrka i Myra. Det første huset han bygde var vedahuset. Det trong han til å ha materialen til husa i. Han hadde bygd veg opp frå sjøen og køyrde opp med hest. I 1935 bygde han stovehuset. Då hyrte han fleire karar frå bygda og nabobygder til arbeidsfolk. Det meste av materialen var frå eigen skog. Han fekk bureisingstilskot.
No tenkte han nok på at han skulle hatt seg kone.
På nabogarden som var Kvia budde broren Abraham og kona Sofia. Broren Lars hadde teke over farsgarden Plassen, og foreldra Susanne og Bertil hadde flytta ut i Kvia der dei delte huset med Sofia og Abraham. I 1936 vart Bjørnar fødd i Kvia. Då trong dei tenestjente der. Sofia fekk kusina si frå Redalen til Steinhovden for å hjelpe til både med babyen og med dei gamle besteforeldra. Det var Anna som kom.
Mor Anna var tenestjente mange plassar i ungdomen, Våren 1938 var ho i Heggedal ved Oslo hos ei anna kusine. Men kom tilbake til Steinhovden. Mor fortalde at hausten 1938 vov ho ein golvteppevev for Susanne ute i nyehuset til Anders. Dei trulova seg våren 1939 og gifta seg om hausten. Bryllaupet vart halde i Bergen hos Ovidia og John (slekt frå Redalen). Dei hadde med kjøt til middagen og rømme til rømmegrauten frå Steinhovden. Eit lite enkelt bryllaup då mor si syster Martha, låg sjuk av tuberkulose i heimen i Redalen og i nyehuset i Steinhovden var det lite inventar.
Anna gjekk mange gonger over fjellet mellom Redalen og Steinhovden i denne tida for å hjelpe til på begge stader.
Slik vi ser huset på garden som fekk namnet Furuly av far og mor, såg det ut i min barndom. Men hadde ikkje veranda. Frode har halde ved like og skifta vindauge. Eg hugsar og at vedahuset stod til venstre for våningshuset i førstninga. Det vart flytta lenger bak.
Og mor hadde kvar vår slyngplanter som vaks opp etter kjellarmuren og dekte den.

Ingen kommentarer: