tirsdag 30. november 2010



RIPSRULL

5 eggekviter

3 dl. sukker Pisk egg og sukker stivt – ha i sukkeret litt om gongen.

1 pose vaniljesauspulver ( koke type) blandes i.

1 pakke ( ca. ½ dl) skiva mandlar

3 dl. kremfløyte

Ca. 3 dl rips

Kle ei langpanne med eit smurt bakepapir.

Bre marengsen utover.

Strø på mandlane.

Steik kaka på 180 grader i ca. 20 til 25 min. like nedom midten i omnen ( Følg med på fargen – det er betre med litt for lite enn litt for mykje steikt ).

Ta kaka ut av omnen og snu den på rist med bakepapir på .Ta av bakepapiret som var i botnen av langpanna. Dekk til med eit reint tørkehandkle vridd i varmt vatn. Vent til kaka er kald. Pisk 3 dl kremfløyte med 3 ts sukker, bland inn ca. 3 dl rips blanda med litt sukker. ( Det går fint med frosne rips som ein tiner berre litt slik at ein kan skilje dei frå kvarandre). Bre fyllet over kaka. Rull saman kaka ved hjelp av bakepapiret som ligg under. Kaka kan godt frysast. Tining 1 dag i kjøleskap ev. 2 timar i romtemp., er god halvfrosen også.

2 kommentarer:

Besta sa...

Denne såg lekker ut! Ikkje altfor vanskelig heller? Likar godt kaker med frukt og bær. denne kaka liknar litt på den desserten eg ofte lagar. Finst på bloggen min.

Bjørg sa...

Den vil eg sjå på. Denne er glutenfri, og det er viktig.