søndag 21. november 2010

Heimatt frå Lepsøya

Her er dei som lagar middag på sundag.
Vi fekk nydeleg hjortesteik med erter, surkål, tyttebær,
poteter og god saus.

Til kaffien spanderte Kirsti kaka som ho hadde fått i premie
for kryssord.



Vi hadde med fire datamaskiner til ettersyn. Så no virkar alle fint.
Takk til Kristian!
Og takk til vertskapet for ei kjekk vitjing!

Sundag ettermiddag køyrde vi heimatt. Fint ver med raude skyer
ute i havet. I Tennfjorden sprang to fine rådyr over vegen
framfor bilen. Dei kvite bakendane lyste inn i skogen.

2 kommentarer:

Besta sa...

Mykje god mat på dokke denne helga altså. Her har vi vore relativt beskjedne i kosten-måtte roe ned litt etter forrige helg. Og snart er det jul. De er heldige som har fått sjekka opp datamaskinene. Våre skulle også hatt ei overhaling.Men eg har lagt inn ny versjon av Messenger, så no kan Nils og Hassan prate med kvarandre mens dei ser kvarandre. Eg har ikkje prøvd denne teknikken enno.

Bjørg sa...

Ja, det var farleg mykje god mat. Men vi gjekk tur både laurdag og sundag etter vegen. Så vi sat ikkje berre inne.