onsdag 5. januar 2011

Mykje snø igjen!


Vi kom heim frå Sola på sundag. Det er langt å køyre. 13 timar brukte vi
på glatt føre og fordi vi var uheldig med alle ferjer. Så det var travelt!
Det har snødd ein del i det siste. I dag var naboen på taket og måka.
No går dørene i huset tregt. Så no må det vel straks gjerast her og.
Det ville vere gale om taket skulle dette ned siste vinteren vi er her.
Hans er likevel mest bekymra for dokkehuset. Det har ikkje sperrer.
No er det 75 cm snø, og det har vore regn i han, så det er tungt.


1 kommentar:

annfrid sa...

Hei,velkomne heim.Ser av biletet at det er meir snø i Ørsta enn i Ulsteinvik.Her er ca.50cm,men den er tung.Vegane er livsfarleg glatte.