tirsdag 11. oktober 2011

Tur til Rekkevikbukta

I det fine veret spaserte vi ein tur i nærområdet, Mathias, Helene og eg.
Vi gjekk ned til Rekkevikbukta. Det tek berre 3 minutt. Der er badestrand og
minnesmerke over polfararskuta Fram.
Vi tok ein runde på stien langs fjøra.
Etterpå gjekk vi oppover bak huset vårt og over haugen til
Bergslihallen idrettsområde.




Kjøtbollar i fløtesaus til middag.
Riskrem til dessert.

Helene laga sjokolademuffins til kaffien. Mathias hjelper til

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, de har litt anna ver enn vi, ser eg! Og mykje besøk. Får nesten lyst å flytte sørover, men vi har flest barn og barnebarn her oppe. Så derfor blir vi.