torsdag 6. oktober 2011

Kirsti og Turid på besøk

Hans sine søstre kom køyrande frå Lepsøya og Måløy sundag.
Dei kom til middag og eg hadde laga fårefrikasse.

Neste dag var vi på rundtur i Larvik. Sunniva var gaid igjen.
Men noke kulturhus kom ikkje på tale før butikkrunden var unnagjort.
Etter besøk i ein veldig kjekk klesbutikk, bokhandel og garnbutikk,
var gjestane klare for kulturen og byen.
Her ved kulturhuset med Superspeed i bakgrunnen.

Vi tok tur til Stavern for å finne ein koseleg plass å ete lunsj.
Og lunsjen var nydeleg både for auge og gane.


Då tantene kom, heldt eg på med å strikke på kvite halvstrømper til Sunniva.
Då skjedde det at dei vart inspirerte til å strikke dei og.
Og vi måtte besøkje ein garnbutikk.
Kirsti sa ho hadde ikkje strikka på 30 år.
Turid kunne lære oss å strikke ein type kilehæl.

Strikkinga smitta straks også til den neste generasjon.
"Så kjekt å strikke", sa dei alle.

Ein tremenning som Hans og søstrene har her i Larvik,
vart invitert til oss neste formiddag. Han og kona bur i gåavstand frå oss.

1 kommentar:

Besta sa...

De har sannelig mykje besøk ! Ikkje så rart at slekta vil sjå den nye heimen dykkar.