onsdag 26. oktober 2011

Oppussing i prestegarden

Eg ringde til Jorid for å høyre om vi kunne overnatte der på veg til Sunnmøre.
Det var vi hjarteleg velkomne til. Men ta med dynetrekk, sa ho. Det syntest eg var veldig
greitt. Jorid har det travelt. Prestegarden blir pussa opp, og ho er ubetalt arbeidsleiar.
Mykje arbeidsfolk går ut og inn.

Storstova er tømt og taket blir mala.

Og i TV-stova der skal golvet fjernast. Og dei leitar etter gamle friser langs taket.
Brannmuren skal også vekk. Der skal vere kvit brannmur, ikkje murstein.

Einast kjøkkenet er intakt nede, I andreetasjen er gjesterommet også det.
Jorid viser at dei kopla vindauga er svært arbeidskrevande å vaske.


Der oppe har dei funne inn til ei gamal frise som dei no skal ta fram.

Ingen kommentarer: