lørdag 6. oktober 2012

Besøk frå Sola

I går fekk vi kjekt besøk av jentene frå Sola.
Dei kom med flyet og skal vere her til foreldra og broren kjem med bil i neste veke.
Oda var her og på gjennomreis frå Trondheim.
Dei som bur her  kom sjølvsagt innom for å vere i lag. Vi kosar oss med ein kopp te på kjøkkenet.
I kveld på laurdagskvelden var det taco i Løkkegata
for oss alle.
Jentene har vore i symjehallen og på kino. Gjestane må underhaldast.
Vi har hatt eit strålande ver i dag. Eg har sett nokre løkar i hagen. Det er kaldt om natta, rim på marka om morgonen, men fint i sola om dagen.
Til dei som strevar med dei rare bokstavane for å skrive kommentar: Prøv med lupe. Det hjelper litt.

2 kommentarer:

Besta sa...

De har jammen mykje besøk. Vi slappar godt av i dag, etter at Rasmus m.fam.reiste i går. Det er kjekt, men mykje styr med så små gjester. 2-åringen finn så mykje rart, som etter kvart hamnar på øvste hylle.
Naboen vår, Peder Dalhaug døde i dag, av kreft, mindre enn to år etter at kona døde-også ho av kreft. Las det Hans skreiv i M-N om å halde seg frisk og rask. Det hjelper for noko, men ikkje for alt. Det går an å fjerne bokstavkoden på kommentarane, men då kan ein få anonyme innlegg.

Anonym sa...

Anonyme innlegg kan ein få med bokstavkode også.....