tirsdag 1. mai 2012

1. mai i Rekkevikløkka.

 Vi fekk hyggjeleg besøk av Rigmor og Jens som var ute på gåtur. Hadde kaffi og formiddagsmat på trammen. Nydeleg ver.  Etterpå spaserte vi med dei tilbake til der dei bur.
Asle og Jakob var reiste tilbake til Arendal etter frukost.

 Så tok vi oss ein drivetur opp til Kjose. Det er i nordlege delen av det som før var Brunlanes kommune. No høyrer det til Larvik. Der kom vi forbi "Kjoseeika". Det er ei freda eik som nok er svært gammal. Nokre ungdomar vi møtte på vegen der, meinte ho var over tusen år. Då har ho sett mykje. Nokre hundre år i alle fall.

                                                               Kjose kyrkje

Ingen kommentarer: