I dag har eg vore på hundreårsjubileum for sandefjordspeidarane. Eingong Alltid-damene var inviterte.
Det vart ein nydeleg dag på speidarhytta til jubilantspeidarane. Alt program var ute.
Programleiaren sa ho hadde bedd om fint ver i minst ei veke. Og fint ver vart det.
I Sandefjord starta jentespeidarane 20. mai 1912. Dei var den første jentespeidargruppa i Noreg.
Tre av leiarane i speidargruppa her i Østre Halsen, Atle, Inger og Anita. Eg har vore litt saman med dei i vinter. Kjekke folk.
Sissel Grønlund var representant frå forbundet. Ho har vore landssjef for K-M speidarane. Ho kjenner mange i Ørsta og Volda: Svanhild, Turid, Wenche, Reidun, Asgerd o.fl. Ho held på med planlegging av Eingong Alltid treff i Ulsteinvik neste sommar. I år skal det vere på Hadeland. Ho førebur det og no.
Vi har samla oss i ei patrulje og tok det flotte namnet Golden Eagle, Anita, Inger, Sissel, Atle og eg.
Og vi deltok i sporløpet i fint skogterreng. Vi høyrde gauken for første gong i år.
Gudsteneste "Guides Own", i naturen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar