lørdag 19. mai 2012

Syttande mai 2012

 Så er vi  klar for feiring.  Elin henta oss klokka halv ti for å sjå på syttandemaitoget inne i sentrum av Larvik.

 Vi møtte Sunniva, Johanne og Inga i Bøkeskogen. Då hadde regnet kome. Dei hadde gått vel 4 km frå Østre Halsen, og var trøytte og litt kalde. Så vi fekk med oss talen for dagen og litt til før vi reiste heim att. Det var Langestrand skule som stod for programmet i år.

                                        Den tette lysegrøne fargen i Bøkeskogen er heilt spesiell.

 Vi hadde spleisefest hos oss i Rekkevikløkka. Neste år kan vi vere hos dei, seier Rigmor..
Maten var kabaret og spekemat med salat. Bløtekake til kaffien.

 Så stilte vi opp på det lokale programmet ved Østre Halsen skule. Mykje folk samla. Fjerde trinn hadde eit flott progam. Dei song litt av alle dei gamle vårsongane. Tale og mange dikt.
Østre Halsen har eit utruleg flott korps miljø. Tre store korps spelte. Alt folket gjekk i tog rundt i området.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Ja, no gjekk det å sende komentaren om hagen.Så får eg prøve meg på ein komentar om 17.mai.Då var det ein ruskedag i Ulsteinvik.Per og eg tok bilen ned til småbåthamna.Gjekk så til kyrkje,der i frå til Fredheim og kjøpte kaffi og skuffekaker.For heim og hadde alle våre til koldtbord kl.17