søndag 23. november 2014

Strikk og salmebok


Inga, Mina og Frida er blitt så ivrige med strikking.
Her strikkar dei panneband etter dei er ferdige med leksene.
Det var sist tysdag.

I går vart Inga ferdig med pannebandet sitt. Ho strikkar veldig jamt og fint. Det er det første plagget ho har strikka.






Eg har investert i salmebok.
Og er no klar for salmemaraton.

2 kommentarer:

Besta sa...

Den nye salmeboka kom meg i hende julaftan i fjor, så eg har blada mykje i den. Synest dei hat tatt med litt for mange salmar, for boka er både stor og tung samanlikna med tidlegare salmebøker. Det positive er at dei har tatt med salmar på andre språk enn norsk.

Annfrid. sa...

Eg fekk ei overraskande gåve i går.Norsk Koralbok 1-2.Det er slike notar eg lærde å spele etter då eg var 11 år,4 stemmig.Eg har seinare lært besifring,men føler meg ikkje trygg.Eg er enno "huspianist"og får stadig oppdrag.Akkurat no skal Per og eg lage syltaflesk,så skal Endre Havåg og eg øve piano og fløyte til underhaldning til dei eldre på Bygdastova måndag.