torsdag 28. januar 2010

Strikkekafé

I dag har eg vore på strikkekafe i Garnkroken i Gågata.
Vi kan komme der kvar torsdag frå klokka seks til åtte om kvelden.
Det er plass til mange rundt eit stort bord, kaffi og mykje fint å bli
inspirert av. Strikkebøker, modellar og mykje nytt både i
garn og pinnar. I dag vart eg ferdig med pulsvarmarane strikka i Brisgarn.
Dulka har bruk for noko å gå ut på, og i dag fekk eg med ei dame frå Eritrea og.
Og så kom jammen Møre Nytt og tok bilete av oss.

6 kommentarer:

Besta sa...

Det var fine pulsvarmerar.Eg får lyst å strikke alt mulig, men må begrense meg litt. Var det på den nye garnbutikken til Ellinor Kvammen de var?

Gunn sa...

Dei såg deilige og varme ut. Strikke-kafe, det var kanskje noko vi også skulle prøvd her også. Var de mange og kor var dere samla ?

Besta sa...

Apropos! Har du lese boka FREDAGSSTRIKKEKLUBBEN av Kate Jacobs?
Både Margrete og eg har omtale av boka på bloggane våre.

Bjørg sa...

Ja, det er Ellinor Kvammen som held strikkekafe i butikken sin kvar torsdag frå 6 til 8 om kvelden.
Ho har nettopp opna strikkebutikk nummer to i gågata og vil reklamere. Eg såg plakaten ho hadde sett på døra. Tenkte at det var noko for Dulka som treng komme ut. Det kom 3 - 4 andre. Siste gong kom avisa, så då blir det kanskje fleire som kjem. ein heilt uforpliktande møtestad.
Må sjå kva de skriv om den boka Fredagsstrikkeklubben.

Anonym sa...

Hei, har akkurat sett dei fine pulsvarmarane dine.Eg også likar så godt å strikke.I går vart eg akkurat ferdig med mitt andre pledd.Pledda er ikkje heilt like ,men dei er 7 gange 5 ruter.Eg brukar same garn og pinne nr.10mm , så brukar eg 7 fargar i Kittens Mohair.

Bjørg sa...

Det er nydelege pledd Annfrid lagar!
Så lette! Og slike nydelege fargar!