søndag 10. januar 2010

Så kom sola att.

Vi gjekk tur på Sætre. Vi trudde der var sol men det var det ikkje.
Ho skin lenger oppe i lia.
Seinare på dag ville ho komme der, sa dei vi møtte.

Det har vore mykje frostrøyk på Ørstafjorden, men der er ikkje is.
Folk snakkar om at det er austaver som gjer det ??

Då klokka var halv to, var Hans klar med fotoapparatet
for å dokumentere at sola skin inn til oss igjen etter å ha vore bak fjellet sidan 1. des.
No får vi hjelp med oppvarminga.

1 kommentar:

Besta sa...

Vi får ikkje sola inn i stova før den 18.jan. -og kven veit korleis veret er då? Men ved å lese av temperaturen i bilen, har vi funne ut at det er mykje kaldare nede i Vik enn her oppe i bakkane. Den tida eg var i stand til å gå tur, gikk vi ofte den gamle vegen utover til Sætre.Koselige sundagsturar.