Det er tradisjon at vener og kjenningar får bli med til juletreskogen og hente seg juletre siste sundagen før jul.
Hans og eg har no fått vere med Elin og Dag på det i tre år. Det er far til Inga si veninne som er bonden.
Frå garden på Istre køyrer bonden med traktor med alle ungane inn i skogen.
Bålet var tent opp. Så det var berre å finne fram pølsene og alt tilbehøret , og kaffien på termos.
Dei som ville ha juletre, kunne hente det i skogen.
Elin og Dag henta seg juletre. I år var det Inga som saga det.
Inga har bursdag i dag og fyller 12 år.
Inga i midten med to veninner på kvar side.
Her kjem nissen ut av skogen med sekk med kaker og frukt i.
Det viste seg at det var Dag som var nissen i år.
Men det visste vi ikkje for etterpå.
1 kommentar:
Hei Bjørg ! Eg vil ynskje deg og familien din ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR ! Eg har kunstig juletre no då dei eg planta til dette formålet, har fått skade i toppen. Det er også koselig å lese bloggen din. Helsing Johanne Engeseth.
Legg inn en kommentar