mandag 23. april 2012

Vi har fått rekkverk på verandaen.

Bror Arne som er bygningsmann og som for 40 år sidan bygde huset vårt i Ørsta, kom på besøk for å vere bortreist på dagen sin. Då vart det rekkverk på verandaen, og vi er veldig fornøgde.
Det var kaldt i veret, berre 4 - 5 grader, men vi måtte prøve med kaffi ute. Dei nye møblane er bra bortsett frå at glasplata er for stor. Vi må reklamere . Karane hadde bra ver under bygginga. Siste dagane har vi hatt ein del regn. Det gjorde nok godt, for her var veldig tørt. I dag reiste Arne og Gunn med tog frå Larvik og buss frå Drammen til Eikefjord. Mykje takk til dei for kjekt besøk!



Bloggen min var forandra i dag. Så eg fekk ikkje kontroll med bileta. Eg likar ikkje at dei forandrar, men det er vel til det betre, og då må eg vel venje meg.
No har eg funne ut korleis regulere bileta. Det er no fleire finessar. Så det er nok ei forbetring. Takk for kommentarar!

3 kommentarer:

Besta sa...

Nils og eg har studert nøye bildet av rekkverket, for vi bygde nytt rekkverk i fjord.Det vart veldig fint med rekkverk både oppe og nede, sikkert kjekt når de har så store vindu. Det er samme "modellen" som vårt-berre at vi har breidare bord og mindre opning mellom borda.

Besta sa...

Min blogg har for "forandra" i vekesvis, så no må eg bruke Google chrome når eg skal legge inn bilde. Då går det bra.

Bjørg sa...

Det gjekk bra å legge inn bilde i dag. Eg kunne legge inn fleire i gongen. Før kunne eg berre ta eitt og eitt. Håper det ikkje blir meir forandring med det første.