fredag 22. oktober 2010

Den første snøen kom 20. oktober

Bilen min ventar på å få vinterdekk på.
Hans jobbar hardt med å skifte dekk på begge bilane.
Bilen min må på verkstad i Volda for å få reparert eksosanlegget.
Eg får nesten ikkje puste når eg køyrer. Det er no vel farleg, trur eg.
Og det er ein stygg lyd i han.
Så trass i snøveret må vi til Volda med begge bilane.


Då fekk vi med oss Jorunn tilbake på ei utflukt til Ørsta.
Ho besøkte oss til neste dag då vi henta bilen min på verkstaden.
Vi prata mykje om gamle dagar. Og Hans fekk vist fleire DVDar.
Vi hadde oss også ein handletur på Amfi.

Ingen kommentarer: