fredag 2. august 2013

Fisk til vinteren på hytta

Tre dagar gjekk med til fiske på hytta.
Alle unnateke meg reiste ut med Ulven og Reven og den store robåten. Dei sette seks trollegarn inne i fjorden.

 
Neste dag var dei tidleg i veg for å dra garna.
Den store robåten som far Anders bygde er god å drage garn i.

Helene vog den største torsken. 7,6 kg.
Baljen torsken ligg i er den som Hans vart bada i som nyfødd, påstår han.
Vekta vart i allefall brukt til å vege Asle, Kari og Elin på då dei var babyar. For å sjå om dei fekk nok mat.
Kari og Mathias er klar for å sløye fisk.
Det vart mange fine torskar og ein stor lyr.

 Ganske mykje arbeid å ta ut 40 krabbar or garna.

Kari fekk laga fiskemiddagar klar for mange månader.

Ingen kommentarer: