tirsdag 5. juli 2011

Flyttelass i tilhengar.

I dag reiste Hans og bror Arne til Larvik med det meste som var att i Ørsta.
Vi treng å fare med eit slutt-lass seinare.
No for sofaer og stolar, store bilete og mykje anna.
Dei reiste over Hemsedalsfjellet og er komne vel fram. I morgon kjem dei tilbake.
Så blir det eit lass til Steinhovden. Godt at nokon vil ha ting når vi ikkje får plass.

Straks dei var reiste starta vi nedvasken. Eg har Eili til hjelp, og det er veldig kjekt.
Ho har sommarjobb her.
I dag har vi vaska ned to rom, så vi er godt i gang.
Biblioteket var veldig stygt etter alle hyllene med bøker.
Men det blei ganske fint etter mykje jiff og dampvask.
I går vaska vi heile loftet.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det må vere vemodig å reise frå Ørsta etter så mange år, men eg trur de gjer rett. De kjem nærmare borna dykkar, og nærmare flyplassar og ferjer om de vil reise utanlands. For ikkje å snakke om veret!Ønsker dokke lykke til.

Bjørg sa...

Takk for det!

Gunn Edel sa...

Kjekt med så store og flinke barnebarn. Ja, det vert underlig når dere ikkje hører til i Ørsta lengere, men så kan det jo gje oss andre et nytt reisemål. Lykke til!