søndag 31. juli 2011

I Larvik

Desse flyttekassane har stått i Inga sitt dokkehus sidan i april.
No er dei flytta over til garasjen vår.
Vi har gløymt kva som er i dei. Ikkje sakna noko heller.

Asle og Eili var med oss til Ikea på Slependen for å kjøpe garderobeskap.
Det var godt å få hjelp!
Seks flatpakka skap med hyller og korger opp til taket.
Masse arbeid å få i hop.


No er møblane frå Ørsta på plass. Frå biblioteket i Ørsta til loftstova i Larvik.
I stova nede er møblane komne, men bilete og gardiner ventar på opphenging.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt å følgje med korleis det går.Det blir vel ei stund før de kjenner dykk skikkelig heime i det nye huset? Vi har ikkje vore austover enno, men no når Rasmus kjem heim frå camping i Sverige, kan det bli ein liten Kongsbergtur før skulen tek til.

Bjørg sa...

De er velkomne til å besøkje oss når de er på Austlandet. Men ring først. Vi reiser til Larvik komande fredag. Og vi skal i 70-årsdag på Rovde i slutten av august, så då er det tilbake att.