tirsdag 6. mars 2012

Foredrag i litteraturgruppa

I dag var Amal Aden i litteraturgruppa vår. Det er utruleg sterkt å høyre på henne. Ho reiser no i heile landet og held foredrag. Rigmor og eg var der. Rigmor har lese boka Se oss. Eg har lese alle fire. Integreringa går ikkje så bra. Ho spurde oss om ide til noko som kan gjerast. Vanskeleg!
Lykke til med kvinnedagen i Ørsta!

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg les alltid bloggen din, om eg ikkje kommenterar kvar gong. Ser at du har nok å styre med og engasjere deg i der du er.Her førebur vi oss til DÅP og konfirmasjonar. Eirik til
argrete skal både døypast og konfirmerast i år, Olaug på Hareid skal konfirmerast.Margrete har flytta inn i huset sitt på Straumshamn. Nils og eg er engasjert i Pensjonistlag og eldreråd(Nils er vara begge stader, eg er framleis sekretær i pensjonistlaget)Ser trivelig ut i Larvik, og mange nye stader å utforske.

Torbjørg Langdal sa...

Hei og gratulerer med kvinnedagen! Her er det snart tradisjonell feiring med gudsteneste og fest etterpå!
Torbjørg

Annfrid sa...

Hei,eg har lese boka Se oss.
I år vart det ikkje noka markering av 8. mars i Ulsteinvik og Hareid.Eg brukar å gå på dei tilstellingane.I år skulle det vere høgrekvinnene i dei to kommunene som skulle by inn,men dei hadde gløymt det.Eg gjekk i staden på ei kunstutstilling på Aktiviteshuset.Det var store,flotte maleri i sterke fargar av Ingjerd Havåg (42år)

Torbjørg Langdal sa...

Eg synest vi fekk fram dette med solidaritet på 8.mars her i Ørsta. Vi samla inn pengar til KFUK i Bangladesh, på festen hadde Betty Søvik eit sterkt innlegg om det å vere innvandrarkvinne, og om kve vi kan gjere for å inkludere dei. Elles mykje godt program. Torbjørg