torsdag 29. mars 2012

I ein tyrkisk småby

Vi var saman med Magna og Jarl, fetteren min og kona frå Florø. Trefte dei tilfeldigvis på Gardemoen og skulle på same turen. Kjekt!

I den idylliske småbyen Sirince kosa vi oss med å sjå på alle souvenirane.
Her har eg kjøpt nypressa saft frå granateple. Det smakar friskt og godt.

Rikeleg med souvenirar å få kjøpt.
Eg kjøpte ein duk med denne dama.

1 kommentar:

Besta sa...

Takk for helsinga på bloggen min.
Veret her er ikkje omsnakkande, så eg misunner dykk som får sjå sola av og til. Er sola framme her, så er det EIN dag. Vi er spent på veret med helga når det skal vere dåp på Straumshamn, Kilsfjord kyrkje. Det er 15-åringen til Margrete som skal døypast, og vi blir nesten 60 gjestar. Konfirmasjonen i mai blir enklare.
Snakka med kusina mi på Skedsmokorset i dag, ho hadde site ute og sola seg i 20 varmegrader ein dag. Du og Hans kan vere glade for at de flytta til "eit varmare land". Helsing frå Nils og meg.