fredag 2. mars 2012

Sundagstur på Torstrand

Sist sundag var Aslefamilien på besøk. Dei skulle ha tur til London i vinterferien, og reiste frå Torp om måndagen. I det fine veret gjekk vi tur i Larvik, frå Tollerodden der Maribell ligg i hamna og langs Torstrand. Der er nye blokker langs stranda og bakom er eldre, låge hus i koselege gater.


Langt framme viser Larvik Kirke. Der er Tollerodden, og der ligg Maribell.

Elin, Asle, Jonas, eg, Jakob og Anne.
Til høgre for Anne viser Maribell. Der jobbar Dag i all si fritid med innreiing.
Båten skal verte nok ferdig til sommaren, så dei kan reise på langtur i Østersjøen.

Ingen kommentarer: