onsdag 21. mars 2012

Tyrkiatur

Det er no ei stund sidan eg har vore på bloggen. Det kjem av at vi har vore på tur til Tyrkia i ei veke og derifrå kom vi heim med ei lei influensa, så det har gått nokre dagar til å komme seg på.
Vi flaug til Antalya og frå flyplassen køyrde vi eit par timar til Kemer der vi kom på eit fint hotell.
Det var fint og vårleg der sør med kysten. Tidleg vårblomstring, ikkje så særleg varmt.


Første dagen hadde vi utflukt til Faselis, ein ruinby som har vore ein viktig handelsby ein gong.
Der var restar etter ei akvedukt, etter tyrkisk bad og teater. Ei brei hovedgate.
Og lange sandstrender var der og.

Etter to netter i Kemer, fekk vi ein heil dags køyring over Taurusfjella. Der låg snøen heilt ned til vegen. Og der var det kaldt. Vi hadde ikkje varme nok klede, og etterkvart blei det mange som hosta. Vi køyrde vestover til Efesus og området deromkring som var hovudmålet.


Vi hadde ein flink gaid. Han snakka godt norsk, var gift med ei norsk dame og godt kjend i Norge, særleg Bergen. Han forklarte at det er religionsfridom i Tyrkia. Det var ikkje langt mellom moskeane. Kyrkjer såg vi ikkje mange av, og dei vi såg var gamle og ikkje i bruk.
Turen heitte I apostelen Paulus`fotspor.

Vi budde på fine femstjerners hotell. Og det var varmt nok på romma.
Hans syntest vasken var for liten.
Meir om turen seinare.






Ingen kommentarer: