søndag 1. november 2009

Eple og sjøorm i Linge

Vi stoppa i Linge og kjøpte frukt. Fine eple.
Der ser vi sjøormen som Heilag Olav kasta opp i fjellet.
Klikk på biletet så det blir større, så viser ormen i fjellsida.


Heilag-Olav og sjøormen

heilag-olav I 1028, då kong Olav flykta med båt inn til Valldal og bøygde av innetter fjorden ifrå Valldalsvika, møtte han ein sjøorm. Den gjorde alle mennene hans motfalne og sky av seg. Men kongen lét seg ikkje skremme; han bykste til framstamnen av båten, greip ormen og kasta den opp mot Syltefjell-sida. Der blei den til stein, og minner den dag i dag om underkrafta til Heilag-Olav på flukt.
OPP NOTAR

Ingen kommentarer: