søndag 1. november 2009

Avstikkar til Hauge


Vi tok ein sideveg opp frå Fjøra, langande vegen oppover bakkane.
Der var vi plutseleg i ei lita bygd, fleire gardar på ei "hylle".
Det er Hauge. Litt lenger ute er Selboskar.
Her ser vi innover fjorden mot Tafjord.
Fin stol og flott utsyn!


Her ser vi ned på Fjøra. Der gjorde Tafjordulukka stor skade.
No er der byggefelt med mange fine hus.
Over fjorden, midt på biletet, høgt oppe under snøen ser vi ein gard.
Eit fiskeoppdrettsanlegg nedafor.
Utsyn utover fjorden. I bakgrunnen Haugegardane.
Lenger ute er Selboskar.

Her ser vi opp til Muldal, oppe på kanten i skoggrensa.
Det går ein fin skogsveg dit opp. Han startar like vest for Tafjordtunnelen .
Kirsti med fleire har gått dit opp, og det var ein veldig fin tur, seier ho.

Ingen kommentarer: