onsdag 4. november 2009

Flytebryggja er inne.

Hans har sveiva inn flytebryggja. Det gjekk greitt.
Han hadde god hjelp av stor flo. Det er fullmåne no.
Fint på hytta i dag!

Flytebryggja er inne og resten av bryggja er åleine att.



Eg har gjort litt hagearbeid. Litt ekstra mold på rhododendronane.
Og så strødde eg kalk i einestapebakken.
Så får vi sjå om Solrunn sitt råd virkar.

1 kommentar:

Besta sa...

Det var godt vi fekk desse fine dagane slik at vi fekk rydda litt ute. Vi har vore flittige i hagen i det siste, men heldigvis har vi berre ein. Eg er glad at eg greier å vere med, for det er så godt å få vere ute.De har jammen ein fin plass der ute på hytta.