onsdag 18. februar 2009

Pensjonisttreff


Også i år vart vi pensjonistane innbodne til treff på Velle skule. Det vart ei koseleg samling på lærarrommet, som vanleg fint pynta og med god mat, tillaga av dei kollegaene våre som framleis jobbar der. Stor takk til dykk!!
Vi set stor pris på å samlast. Nokre sa at " når vi ser desse ansikta rundt oss , er det som vi er her igjen og har friminutt, berre ventar på at skuleklokka skal ringje".
Sjølvsagt fekk vi omvisning i det nye tilbygget. Vi vart imponerte! Rektor viste oss rundt. Vi tok heis frå kjellar til loft.

Her ser vi det nye samlingsrommet. Her er ikkje problem å få plass til 300 elevar og tilsette
på kvar sin stol. Songstund her er noko heilt anna enn det var i storklasserommet før.
No har dei ikkje berre songstund, men og dansestund. Det er nok eit syn å sjå alle 250 elevane utfolde seg med danseglede når dei kjem saman etter å ha øvt inn dansane klassevis.

1 kommentar:

Besta sa...

Fint at du skreiv om pensjonisttreffet, så viser eg berre til bloggen din for dei som er interesserte. Angra på at eg ikkje fotograferte på kjøkkenet, det hadde vore ein "godbit" for Solveig. På Hareid Ungdomsskule fekk dei nytt kjøkken for nokre år sidan. Eg meiner at det var meir praktisk innreidd.Men ikkje større.