torsdag 12. februar 2009

Dåpsklutkomiteen


I går kveld hadde vi møte i dåpsklutkomiteen her hos meg.
Vi er tre damer som arbeider for å skaffe pengar til dåpsklutane
som blir brukte i kyrkja.
No utfordrar vi foreiningar i Ørsta for 2010. I år betalar Inner Wheel.
Kluten som barnet blir tørka med ved dåpen, får barnet som gåve og minne.
Desse klutane kjøper vi frå Madagaskar. Dei er handsydde av kvinner der.
Dei har holfald og eit motiv, ei brodert due.
Dermed er vi med å gje desse kvinnene arbeid og inntekt.
Det går med 100 klutar i eitt år, og dei kostar 29,- kr pr. stk.
Vi har hatt dei i to år, og hittil har det gått fint med finansieringa.

1 kommentar:

Besta sa...

Dette var eit fint tiltak; eit minne for dåpsborna og litt inntekter til dei som syr.At betalinga ikkje er i samsvar med arbeidet, er vel vanleg for alt handarbeid?