mandag 30. juni 2014

Måltid på tur



Sol og sommar og matrast ved Hurdalssjøen.

Vi er komne til Ulfsvåg i Nordland.
Ei kald hytte med bad og kjøkken i eit anna hus.
Kveldsmat i hytta.

Neste dag i Ulfsvåg åt vi frukost på eit felleskjøkken på campingplassen.

Kafeen i Borg Vikingsenter i Lofoten.
Vi kjøpte fiskeburger som smakte godt.

Tranøy fyr.
Vi åt middag der om kvelden då vi kom.
Vi valde kvalkjøtt. Lenge sidan vi har ete det.
Det smakte ganske bra.

Frukost i den koselege kafeen på
Tranøy fyr.

Nokre måltid vart inntekne ved bilen.
I Nordland og Troms måtte vi kle oss godt.
4 - 6 grader kvar dag.

Varmt og godt og triveleg å vere på besøk.
Her hos Hans sin skulekamerat frå barneskulen på Hessa.

Hos Karin i Målselv var vi i to dagar.
Ho har pussa fint opp foreldra sitt hus.
God mat, varme på peisen og hyggjeleg prat.
Og ho viste oss rundt i strøket der til mange interessante plassar.
Tusen takk, Karin!


I Trondheim var vi innom til mi kusine Martha og var heldige å treffe alle tre gutane.
Dei diska opp med burgerar m.m.
Far Tore var ikkje heime.

Då vi kom til Hamsun sin barndomsheim i Hamarøy, vart vi møtt av ein ung gaid som handhelsa og baud på kaffi. Han fortalde mykje om Hamsun sitt liv der til ein stor flokk turistar rundt bordet.

Når det regner, hjelper det litt å sitte under
biltaket.

Sør for Saltfjellet rasta vi attmed ein bensinstasjon. Litt gebrekkeleg bord, men
vi fekk oss mat der.
Og godt med tak når det småregner.

søndag 29. juni 2014

Triveleg besøk på Dombås.


Fest for Jorid og Ole Amund


På turen vår til Nord Noreg var vi innom Ringsaker. Vi var der så heldige at vi fekk vere med på ein del av festen for Jorid og Ole Amund. Mange fine taler og god stemning. Vi fekk og helse på Ole Johan og kona hans.
Ole Amund går av for aldersgrensa no 1. juli.

søndag 22. juni 2014

Tur i Lofoten

 Vi er no komne til Lofoten. Etter kjekke besøk på Dombås hos Kjell Arne og fam. , besøk i Målselv hos Karin Djupvik i to dagar, er vi no i Lofoten. Bur på Lofoten Folkehøgskule sitt sommarhotell, med frukost. Elles er her stort felleskjøkken og mange stover. Vi skal ta ferje til Hamarøy om eit par dagar. I dag har vi køyrt heile Lofoten på langs, til Reine og Å. Det er heilt fantastisk flott her med fjella og raude rorbuer m.m.m. Hans kom tilbake utan lue. Det skjedde på Borg vikingsenter.
Kyrkja er Lofotkatedralen i Kabelvåg, rett ved der vi bur.
I morgon er det jonsokafta. Vi er spent på den her.






mandag 9. juni 2014

Besøk i Porsgrunn.



Borna hadde laga quiz til dei vaksne. Då vi kom på overaskande besøk, var dei nett ferdige med middagen og sat med kaffien. Så det passa fint. Oreokake vart og servert, laga av Kristine.
I dag var taket ferdig på begge sider, skriv Therese på FB.


søndag 8. juni 2014

Tur til Ålborg med Stamina


Frå tysdag til torsdag sist veke var det årets tur med treningsgruppa mi på Stamina. Hans fekk og vere med endå han ikkje trener med dei. Han går berre på tur.
Vi tok Superspeed frå Larvik til Hirtshals og hadde buss derifrå til Ålborg.
Vi budde på Hotell Føniks der.

Det var ikkje lagt opp noko sightseeingsprogram, så vi underheldt oss sjølve.
Det vart mest tur i gatene, sjå i butikkar og gå langs sjøen, Limfjorden.
Mange fine hus.
Vi såg Utzon senteret, om arkitekten som er mest kjend for å ha teikna operaen i Sydney.

Nokre var i dyrehagen.
Hans og eg gjekk i parken og kom då gjennom kirkegården.


Fin gammal kyrkje i Ålborg.

Altertavla er ein kopi, for originalen er på utstilling i Utah, USA.


Vi måtte passe oss nøye for trafikken, særleg syklistane på sykkelstien. Dei kom veldig fort.


søndag 1. juni 2014

Bygdedag i Tjølling


I dag har vi vore på bygdedag i Tjølling på prestegardstunet.Der markerte dei grunnlovsjubileet og etterkomarane av eidsvollsmennene deltok utkledde og fortalde
om forfedrene sine.


Først var vi på gudsteneste i Tjølling kirke klokka 11. Gudstenesta var etter gammal liturgi og med Landstad salmebok og gamle salmar.
Det er jammen bra at fornying har vorte gjort.



Skysskaren som kom med eidsvollmennene.

I bakgrunnen kan vi skimte Elin, Hans, Jens og Dag.  Rigmor og Inga bakom.
 Fint utkledde damer serverte rømmegraut, kaffi og kaker.
Der var folkedans av Haugtussa og musikk av Gjallarhorn.


Dei to karane til høgre er etterkomarar av dei to eidsvollmennene frå Tjølling, Iver Hesselberg og Ole Olsen Amundrød.
Mannen til venstre er leiaren av historielagert, Edgar Skow.
Konene er med på biletet. Dei hadde stor innverknad på mennene.

Eingong Alltid på tur


27.mai hadde vi i Eingong Alltid utflukt til sandefjordspeidarane si hytte. Langs stien opp til hytta var det lagt ut 11 postar med spørsmål omkring grunnlovsjubileet.
Nokre av damene hadde eit flott program om Pus Brodal , og vi song mange av songane hennar.
Ei av damene hadde andakt.
Og så var det samling rundt bålet med grilling, kaffi og gode kaker.
Masse fin fuglesong rundt oss i den fine kvelden.

mandag 19. mai 2014

17. mai i Larvik 2014

 I Larvik kyrkje klokka halv ti.
Presten i vår tid utspør presten frå 1814 om kva dei meinte då. Tankevekkjande!


Barnetoget opp Nansetgata i Larvik sentrum.
Inga bak dei to fremste jentene. Desse har gått frå Østre Halsen, fire km.
 !7. mai lunsj hos Elin og Dag.
Johanne, Sunniva, Elin, mormor, morfar, farfar, farmor.
Farmor hadde med bløtekake. Mormor hadde med rabarbrapai.
Om kvelden etter folketoget, klokka 18.14,
var det jubileumsfest i Bøkeskogen.
Programleiaren var eidsvollmannen Christian Diriks framført av ein nolevande.
Dei er stolte av Diriks. Han har statue på torget.

Visstnok fleire tusen samla i Bøkeskogen til to arrangement. Eitt etter barnetoget og så sjølve jubileumsfeiringa om kvelden etter borgartoget.
Ungdomane fekk med seg russetoget og.
Midt på dagen var vi ved Østre Halsen skule og fekk med oss skulen sitt arrangement. Der kunne vi treffe kjende og kjøpe kaffi m.m.
4. klasse underheldt.

mandag 5. mai 2014

Konfirmasjon i Nedenes, Arendal, 4.mai 2014.



Konfirmantane Jakob og Jonas.

I kyrkjebenken.
Asle, Anne, Elin   Anne si syster,
Oda og Astrid.
Farmor Bjørg, onkel Tore, Helene, Elin,
Kari.

God oversikt.
Inga og Mathias

Engene kirke i Nedenes, nær Arendal.
3 konfirmantar og to sysken.

Frå venstre: Astrid Vikingstad, Helene Vikingstad som var konfirmant i Sola ei veke før,  Inga Vold, Jonas og Jakob Kragset, dagens konfirmanter .


 Festbordet nydeleg dekka.


Maten var fullt heimelaga og både spesiell og nydeleg god.

Konfirmantane ynskte velkommen.
Songhefte med velkomstsong, bordvers, song frå foreldra, song frå farmor og farfar.

Rikeleg med gode og fine kaker på kakebordet.






M.a. lammelår og vårrullar med ristrekk.