mandag 30. juni 2014

Måltid på tur



Sol og sommar og matrast ved Hurdalssjøen.

Vi er komne til Ulfsvåg i Nordland.
Ei kald hytte med bad og kjøkken i eit anna hus.
Kveldsmat i hytta.

Neste dag i Ulfsvåg åt vi frukost på eit felleskjøkken på campingplassen.

Kafeen i Borg Vikingsenter i Lofoten.
Vi kjøpte fiskeburger som smakte godt.

Tranøy fyr.
Vi åt middag der om kvelden då vi kom.
Vi valde kvalkjøtt. Lenge sidan vi har ete det.
Det smakte ganske bra.

Frukost i den koselege kafeen på
Tranøy fyr.

Nokre måltid vart inntekne ved bilen.
I Nordland og Troms måtte vi kle oss godt.
4 - 6 grader kvar dag.

Varmt og godt og triveleg å vere på besøk.
Her hos Hans sin skulekamerat frå barneskulen på Hessa.

Hos Karin i Målselv var vi i to dagar.
Ho har pussa fint opp foreldra sitt hus.
God mat, varme på peisen og hyggjeleg prat.
Og ho viste oss rundt i strøket der til mange interessante plassar.
Tusen takk, Karin!


I Trondheim var vi innom til mi kusine Martha og var heldige å treffe alle tre gutane.
Dei diska opp med burgerar m.m.
Far Tore var ikkje heime.

Då vi kom til Hamsun sin barndomsheim i Hamarøy, vart vi møtt av ein ung gaid som handhelsa og baud på kaffi. Han fortalde mykje om Hamsun sitt liv der til ein stor flokk turistar rundt bordet.

Når det regner, hjelper det litt å sitte under
biltaket.

Sør for Saltfjellet rasta vi attmed ein bensinstasjon. Litt gebrekkeleg bord, men
vi fekk oss mat der.
Og godt med tak når det småregner.

1 kommentar:

Johanne sa...

Hei! Det er koselig å lese om turen dykkar. Det såg ut som de hadde fint sommarver heile vegen.
Minna dukkar opp frå både arbeidstid og ferie i nord. Fantastisk.