søndag 8. juni 2014

Tur til Ålborg med Stamina


Frå tysdag til torsdag sist veke var det årets tur med treningsgruppa mi på Stamina. Hans fekk og vere med endå han ikkje trener med dei. Han går berre på tur.
Vi tok Superspeed frå Larvik til Hirtshals og hadde buss derifrå til Ålborg.
Vi budde på Hotell Føniks der.

Det var ikkje lagt opp noko sightseeingsprogram, så vi underheldt oss sjølve.
Det vart mest tur i gatene, sjå i butikkar og gå langs sjøen, Limfjorden.
Mange fine hus.
Vi såg Utzon senteret, om arkitekten som er mest kjend for å ha teikna operaen i Sydney.

Nokre var i dyrehagen.
Hans og eg gjekk i parken og kom då gjennom kirkegården.


Fin gammal kyrkje i Ålborg.

Altertavla er ein kopi, for originalen er på utstilling i Utah, USA.


Vi måtte passe oss nøye for trafikken, særleg syklistane på sykkelstien. Dei kom veldig fort.


Ingen kommentarer: