mandag 19. mai 2014

17. mai i Larvik 2014

 I Larvik kyrkje klokka halv ti.
Presten i vår tid utspør presten frå 1814 om kva dei meinte då. Tankevekkjande!


Barnetoget opp Nansetgata i Larvik sentrum.
Inga bak dei to fremste jentene. Desse har gått frå Østre Halsen, fire km.
 !7. mai lunsj hos Elin og Dag.
Johanne, Sunniva, Elin, mormor, morfar, farfar, farmor.
Farmor hadde med bløtekake. Mormor hadde med rabarbrapai.
Om kvelden etter folketoget, klokka 18.14,
var det jubileumsfest i Bøkeskogen.
Programleiaren var eidsvollmannen Christian Diriks framført av ein nolevande.
Dei er stolte av Diriks. Han har statue på torget.

Visstnok fleire tusen samla i Bøkeskogen til to arrangement. Eitt etter barnetoget og så sjølve jubileumsfeiringa om kvelden etter borgartoget.
Ungdomane fekk med seg russetoget og.
Midt på dagen var vi ved Østre Halsen skule og fekk med oss skulen sitt arrangement. Der kunne vi treffe kjende og kjøpe kaffi m.m.
4. klasse underheldt.

Ingen kommentarer: