mandag 8. oktober 2012

Skulen til Sunniva


I dag fekk vi omvisning av Sunniva på skulen hennar.
Han er ganske ny og er for alle elevane på vidaregåande i Larvik. Der er 1650 elevar.
Der er og Arena Larvik der dei spelar handball med plass til 4000 tilskodarar. Den store salen kan delast opp i fire mindre.
Kantina er og imponerande.
Dei runde siloane har sitteplassar inni og utapå er det låsbare skap.
Rundt på skulen finn vi mange visdomsord, t.d.
"Lær ikkje dei unge kva dei skal tenkje, men korleis dei skal tenkje."
Romma har namn frå Thor Heyerdahl sine bøker,    t. d.     Fatu Hiva.                                                                   




2 kommentarer:

Besta sa...

Spennande bygg! Sikkert artig for deg å få sjå deg om der. Godt at dei somme stader har det dei treng. Her i Ørsta er det vanskelig å få til noko som helst så lenge vi er i ROBEK.

Bjørg sa...


Larvik er visst også i Robek. Det er i alle fall mykje i avisene om kva dei skal gjere med økonomien. korleis dei skal spare, "snu alle steinar". Synest det let kjent.