lørdag 6. august 2011

Kva er no dette for eit hus ?



Fredag køyrde vi til Larvik med det siste lasset, det tiande. Så no skal alt vere flytta.
Vi hekta på lasset som sto i Ørsta. Køyrde over Hemsedal.
Fekk teke eit bilete av huset i Farkvamen 10. Det såg ikkje ut som vårt.
I dag har vi hatt Asle her i Rekkevikløkka. Han har hjelpt oss med å henge opp bilete og gardinstenger. No er det blitt bra i orden i huset. Vi har rett nok endå 20 kassar ståande i garasjen. Dei skal pakkast ut litt om senn.

1 kommentar:

Besta sa...

Det må no vere rart å flytte frå Farkvamen i alle fall. Men de har no brukt relativt lang tid på prosessen.Og så har de no tilgang til hytta når de vil oppover ein tur.Håper de kjem til å trivast i Larvik. Eg likar meg godt på Kongsberg, men saknar å sjå sjøen.Her i Kongsberg er det pøsregn i dag, så det er ikkje ute verande. Eg har middagsteneste i dag, så då blir det steikt kveite frå Ørsta på menyen.