onsdag 31. august 2011

Besøk i Steinhovden


Vi besøkte bror Arne i Steinhovden. Dessverre var Gunn i Bergen,
men ho har lova å komme ein tur til Larvik.
Her viser Arne oss det nye huset han held på å byggje. No held han på med innreiing.
Det blir eit kjekt hus bygd med moderne materialer, varme i golvet, fint bad og vaskerom,
stor stove med kjøkken og stor hems.

Så spaserte vi på litt gjengrodde stier, den gamle bygdevegen.
Det var skulevegen min i barndommen.
Det er utruleg kor store trea er blitt!

Barndomsheimen min er no brukt til utleigehus.
No er det tomt. Frode Bonde har drive med oppussing.
Det er ein fin flat gard. Far min dyrka han opp frå myr med skog på.
No er det tredje generasjon som driv her.
Hytta som aller først var hønsehus, er no utleigd og.
Kyrne var på sommarbeite mange plassar i bygda.
Vi fekk vere med å hente nokre som hadde kome på feil side av gjerdet,
og kosa seg på naboen si mark.



2 kommentarer:

Besta sa...

Eg les alt du skriv på bloggen. Også det eg ikkje kommenterar. Forstår det slik at det har hatt ei lita "farvel-runde" til slekta. Heldigvis er ikkje avstandane så store lenger, og de bur no ikkje langt frå flyplass heller.(Det gjer no ikkje vi heller-det er verre i hin enden).Reknar med at de snart fer heim til Larvik no?

Bjørg sa...

Ja, i dag pakkar vi bilen og tilhengaren med slikt som er feilplasert her på hytta. Så i morgon køyrer vi til Larvik. Vi har med ein par sekker med ved og.
Kanskje kjem vi tilbake hit i haust, men det er ikkje sikkert.