tirsdag 30. november 2010

Regndråpen hos Bjørg

Dette var truleg det siste møtet eg hadde hos meg i Ørsta.
Veldig kjekt å ha alle her.
Reidun, Jorunn, Henriette, Janne, Torbjørg, Ellen og Kirsten.
Vi evaluerte misjonsmessa der det kom inn over 50 000 kr til
Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Thailand.
Der var vi med i arrangementet. Det neste er Trettandagsbasaren i januar.
Elles arbeidde vi med studieheftet. Denne gongen handla det om
Kampen mot omskjæring i Mali. Det nyttar. No er det 62
landsbyar der som ikkje praktiserer omskjæring.
Men mykje står att.

Mat høyrer med på foreining.
Eg serverte kveldsmat med kaffi og kake etterpå.


Dei sette pris på ripsrullen. (Oppskrift frå Kari)
Oppskrifta er med her etter ynskje frå damene.

3 kommentarer:

Besta sa...

Siste møtet i Ørsta? Er det tilfelle, som eg har høyrt, at de skal flytte frå bygda? Og i så fall, kvar skal de då slå dykk ned?

Bjørg sa...

Det blir i Larvik. Der bur Elin og vi har tre barnebarn der. Det blir og nærare til Arendal og Sola. Men det er ikkje før til sommaren vi flyttar. Huset har så vidt fått takstolar på. Hans seier at viss vi vantrivst der, kan vi få oss ei leilegheit i Ørsta sentrum seinare. Men huset vårt er for stort og for mykje plen, og for mykje snømåking kan det vere.

Gunn Edel sa...

Ja vel , - - Men det er rart å tenkje på at dere om nokre månader ikkje vert knutepunktet i Ørsta. Men eg forstår at dere vil nærare barn og barnebarna.Eg var på Hagavik i går, og er henvist for operasjon. Svara ja på spm om eg ville takke ja på tilbod før jul. Dagane og nettene er plagsomme, så no vil eg ha endring så fort som råd. Hper at eg får besøke dere før dere fær fra ørsta.