fredag 25. juni 2010

Besøk på jonsokdag

To gjester frå Lepsøya og ein frå Måløy.
Kirsti og Andreas kom frå Lepsøya og Turid kom frå Måløy.
Turid sat på med ein som deltek i Festspela, og sit på i bilen med Kirsti tilbake.
Dei skal vere på Måløydagane. Der er tivoli og. Andreas gler seg til det.

Jonsokafta 2010

Kveldsmat i Farkvamen.
Vi fekk besøk av vener frå Tyskland, Harry og dottera Stefanie.
Harry sykla heile vegen. Han har drøymt om det lenge og planlagt vel.
Stefanie kom med bil, så dei køyrer saman tilbake.

Jonsokafta på hytta.
Grillspidd med kylling- og hjortekjøtt.
Litt spennande å lage, for eg har ikkje prøvd dette før. Men det gjekk bra.


Torbjørg og Leif som også er vertsfolk for dei to tyske,
var og saman med oss.

Om kvelden var vi i Kjeldsund og såg på bålet.
Der var mykje folk samla. Rømmegraut, lapskaus, kaffi og kaker å kjøpe.
Ungdomsgjengen hadde laga eit flott bål.

Stefanie som hadde skada føtene sine, sat på ein stol og såg på bålet.

torsdag 17. juni 2010

På besøk hos Agnethe

Her er søv den nye systa fint i vogga si.

Men ho vil også vere med i selskapet.

Marthe er no ferdig med barneskulen.
Ho er flink til å stelle med veslesyster.

DS-en er kjekk å halde på med.

Kjekt å sjå korleis biletet vart.
Tusen takk til Bjarte og Camilla for hyggjeleg kaffikos.

søndag 13. juni 2010

Bursdag i dag: Solrunn. Gratulerer!

Posted by Picasa

Seifiske

Hans ringde i mobilen: Fisken bit forferdeleg. Eg klarer ikkje å slutte.
Eg: Kor mange har du fått? Hans: Omtrent 45. Eg: Slutt øyeblikkeleg!
Det gjorde han då.
Så no har vi i frysaren ein middag med seibiff nesten kvar veke i eit år.
Det blir nok fleire fisketurar kjenner eg han rett.

Her sit dei som ventar på sin del av fangsten.

Rhododendronane er no i sin finaste prakt.
I bakgrunnen den ferdige platningen der campingvogna skal stå.

torsdag 3. juni 2010

Arbeid på hytta

Hans byggjer ein platning til å sette campingvogna på.
Og under er ein minipotetåker. 8 mandelpoteter er sett.

søndag 30. mai 2010

Besøk i Måløy

I dag har vi vore på dagsbesøk i Måløy for å sjå huset til Svanhild og Øystein.
Og for å sjå Jakob som vi ikkje har sett, og no er han 6 månader.
Storesøstra har og vakse mykje sidan sist vi såg henne.
Dei har fått seg eit stort og kjempefint hus.
Og så kan dei gå på besøk til mormor og morfar gjennom hagen.
Nydeleg middag serverte Turid til heile gjengen.
Familien i underetasjen var der sjølvsagt og.
Så no har dei begge døtrene med familiar
tett attmed seg og det blir mykje barnepass.

fredag 21. mai 2010

Potetene er komne i jorda.

Då eg var barn, skulle potetene vere sette før 17. mai.
Det er ikkje naudsynt, seier naboen min, Sæbjørn.
I år sette eg fem forer med mandelpoteter og dei raude.
Var det pimpernell?
Fort gjort, og kjekt å ha litt å ta opp til hausten.

God pinse til alle!

tirsdag 18. mai 2010

På Spinalonga

I hamna i Plaka låg ein del fiskebåtar.
Fiskarane greidde garna sine.
Der var eit par skyssbåtar som skyssa folk over til Øya.

På veg over sundet.
Øya Spinalonga i bakgrunnen

Her gjekk vi i land og opp til tunnelen.

Spennande å gå gjennom tunnelen. Korleis kan det
vere på andre sida?
Vi kom ut i gata, omtrent som eg hadde forestilt meg den.
Ho gjekk nedover frå tunnelen. Eg hadde sett føre meg at ho gjekk oppover.
Der fekk vi sjå bakeriet, vaskeplassen, to kyrkjer, sjukehuset, blokka, m.m.
Det var lett å kjenne seg att frå boka.
Det verka som det hadde vore eit samfunn som var bra triveleg for mange.
Ikkje rart det vart problem når kolonien skulle avviklast og alle måtte reise.
Etter mange år hadde mange av dei ikkje hatt kontakt med folk på fastlandet.


søndag 16. mai 2010

I Plaka 5. mai.

Eg gjekk omkring i Plaka med boka Øya i handa.
Nokre vi snakka med der sa at forfattaren, Victoria Hislopp,
var i byen. "Ho sat på den stolen for ein time sidan".
Eg håpa på å få autografen hennar i boka mi.
Då kom vi forbi to karar som sat med backgammonspelet.
Vi prata med dei og viste dei boka. "Eg er dr. Kyritsis og han er Petros Kontomaris",
sa han i svart skjorte. Dei spelar no inn film om boka. Mange skodespelarar og
forfattaren var i Plaka.
Ein plakat i Plaka fortel om filminnspelinga.
Filmen kjem i oktober.

Her sit eg ved hamna i Plaka og les i Øya.
I bakgrunnen ser vi øya Spinalonga.


Forfattaren trefte eg ikkje, men
dei to skodespelarane skreiv i boka mi.

torsdag 29. april 2010

Verdens Ende

Vi fann fram til Verdens Ende på Tjøme.
Der er veldig fint tillaga med stiar, rasteplass og eit restaurert fyr.
Der er restaurant og.
Litt surt og kaldt då vi var der.
Vi vil komme att til sommaren og ha med mat.

I bakgrunnen ser vi Færder fyr.

Kvalkjeften i Sandefjord