fredag 21. mai 2010

Potetene er komne i jorda.

Då eg var barn, skulle potetene vere sette før 17. mai.
Det er ikkje naudsynt, seier naboen min, Sæbjørn.
I år sette eg fem forer med mandelpoteter og dei raude.
Var det pimpernell?
Fort gjort, og kjekt å ha litt å ta opp til hausten.

God pinse til alle!

2 kommentarer:

Besta sa...

Poteter plantar vi ikkje, men Nils har laga ny jordbæråker i år. Dessverre får eg ikkje gjort så mykje i hagen som eg har lyst til.
Velkomne heim att får eg seie.

Bjørg sa...

Takk for helsing!
Eg veit ikkje heilt kvifor eg har så lyst å sette poteter. Det kan vere noko i genene. Hans har ikkje lyst til det. Men han har ei sterk lyst til å fiske. Det vil han kvar dag når vi er på hytta. Så no samlar vi i frysaren att endå det ikkje var tomt frå i fjor.
Eg har sett 8 poteter ved hytta og.