tirsdag 18. mai 2010

På Spinalonga

I hamna i Plaka låg ein del fiskebåtar.
Fiskarane greidde garna sine.
Der var eit par skyssbåtar som skyssa folk over til Øya.

På veg over sundet.
Øya Spinalonga i bakgrunnen

Her gjekk vi i land og opp til tunnelen.

Spennande å gå gjennom tunnelen. Korleis kan det
vere på andre sida?
Vi kom ut i gata, omtrent som eg hadde forestilt meg den.
Ho gjekk nedover frå tunnelen. Eg hadde sett føre meg at ho gjekk oppover.
Der fekk vi sjå bakeriet, vaskeplassen, to kyrkjer, sjukehuset, blokka, m.m.
Det var lett å kjenne seg att frå boka.
Det verka som det hadde vore eit samfunn som var bra triveleg for mange.
Ikkje rart det vart problem når kolonien skulle avviklast og alle måtte reise.
Etter mange år hadde mange av dei ikkje hatt kontakt med folk på fastlandet.


2 kommentarer:

Besta sa...

Den turen skulle eg gjerne ha vore med på. Tippar mange turistar reiser dit etter å ha lese boka?

solveig sa...

Ja, kven fekk ikkje lyst dit etter å ha lese boka! Sikkert ikkje heilt sesong enno, men eg tippar at der er på det finaste?