søndag 7. februar 2010

Snøen frå taket

Så er snøen komen ned frå taket, iallefall noko av han.
Slik at faren er mindre om det snøar meir.
Og det gjer det i dag.

Hans har moka tilgong til vedskjulet.
Heldigvis har vi ei dør inn frå trappa.

Eg hentar ved.

Hans har laga ei opning for å få ut bilen.

lørdag 6. februar 2010

Hjelp på taket



Så fekk vi hjelp med snøen på taket.
Den unge spreke leigebuaren tok jobben.
Hans moka noko på oppsida, men alt vart for mykje.
Så no går verandadøra og andre dører som normalt.
Det er tryggare no om det skulle komme meir snø.
Posted by Picasa

torsdag 4. februar 2010

Strikkekafé igjen i gågata.

Mange damer møtte fram i kveld og praten gjekk livleg.
Eg strikkar no den til å ha på hovudet.
Det er ein CALORIMETRI
(Ordet er eit begrep for måling av varmetap)

Mange artige og fine modellar utstilte.

Her beundrar vi ein sokk.

Posted by PicasaEr ikkje dette eit fint bilete, vel?
Denne bestemora lagar mykje fint.

onsdag 3. februar 2010

Snø og sol i Ørsta

Møte i Regndråpen

Vi var berre fem på møtet i går. Reidun og Henriette kunne ikkje komme.
Her er vi i arbeid med studiearbeidet om misjon.
Det handla om ei jente i Brasil som har lyst å bli misjonær.
Og samtaleoppgåvene var: Kvar er vårt fokus?, Kva brukar vi tid på?
og Kva er avgjerande for dei val vi gjer i livet?
Krevjande spørsmål, og svara blei vi vel ikkje ferdige med.
Vi har maten i starten av møtet. Denne gongen var det te, brød og pålegg
og så kake og kaffi.
Vi hadde elles evaluering av 13.dagsbasaren og planer framover.
Og sjølvsagt misjonsgåve.
Det er kjekt med misjonsforeining!

søndag 31. januar 2010

Sundagstur til hytta

Sol i Ørsta ikring klokka 15.
No har vi sol frå klokka 10 til 11 og frå klokka 12 til minst kl.15 .
Femten kuldegrader ved flyplassen.
Her heime med oss var det 14 kuldegrader i dag tidleg.

På hytta var det ikkje SÅ mykje snø.
Eit tynt islag på vika.
Det har ikkje vore kuldegrader i kjellaren.
Oppe i hytta har det vore ned i 7 minusgrader.
I dag var der 3 minus inne i hytta og cirka det same ute.

Vi gjekk ein liten tur ved Kjeldsund i fin sol.
Over brua og bort til Røykjeriet.
Ikkje mykje snø på taka der.

Mykje snø i Ørsta





torsdag 28. januar 2010

Strikkekafé

I dag har eg vore på strikkekafe i Garnkroken i Gågata.
Vi kan komme der kvar torsdag frå klokka seks til åtte om kvelden.
Det er plass til mange rundt eit stort bord, kaffi og mykje fint å bli
inspirert av. Strikkebøker, modellar og mykje nytt både i
garn og pinnar. I dag vart eg ferdig med pulsvarmarane strikka i Brisgarn.
Dulka har bruk for noko å gå ut på, og i dag fekk eg med ei dame frå Eritrea og.
Og så kom jammen Møre Nytt og tok bilete av oss.

søndag 24. januar 2010

Sundagsturen i dag.

Etter at vi hadde vore i kyrkja
gjekk vi på tur i Hovdebygda.
Vi parkerte ved Helgehorntunnelen og gjekk eit stykke
på vegen derifrå, bort til badeplassen.
Og vi trefte fleire som vi hadde ein prat med.
Det var fint ver sjølv om det ikkje var sol, rundt 0 grader.

Viktige bøker

Eg har nettopp lese desse to bøkene. Det tok ikkje lang tid å lese dei.
Dei gir innsyn i eit system i Noreg som ikkje fungerer godt nok.
Det er rystande lesnad.
Denne jenta har skrive tre bøker. Den første heiter Se oss.

torsdag 21. januar 2010

Pensjonisttreff på Velle skule

Sist tysdag var det pensjonisttreff på Velle skule.
Kvart år i januar vert pensjonistane innbodne.
Alle synest det er svært hyggjeleg og det vert mykje prat om gamle dagar.
Fleire av dei aktive lærarane var i lag med oss, og det er nokre av dei som lagar til.
Vi fekk omvisning i skulen som er mykje påbygd og fornya.
Her er vi i det nye personalrommet som er eit klasserom
som er lagt inn i det gamle pauserommet.