I dag fekk eg brev frå fadderbarnet mitt. På spansk.
Det er ei jente, 10 år som bur i SOS-barneby i Chile.
Eg sende henne ein CD til jul med Julekveldsvisa
av Alf Prøysen, den spanske versjonen. Den likte ho.
Eg forstår det meste av det ho skriv.
Kjekt å ha nytte av spansklæringa.
torsdag 12. februar 2009
Dåpsklutkomiteen

I går kveld hadde vi møte i dåpsklutkomiteen her hos meg.
Vi er tre damer som arbeider for å skaffe pengar til dåpsklutane
som blir brukte i kyrkja.
No utfordrar vi foreiningar i Ørsta for 2010. I år betalar Inner Wheel.
Kluten som barnet blir tørka med ved dåpen, får barnet som gåve og minne.
Desse klutane kjøper vi frå Madagaskar. Dei er handsydde av kvinner der.
Dei har holfald og eit motiv, ei brodert due.
Dermed er vi med å gje desse kvinnene arbeid og inntekt.
Det går med 100 klutar i eitt år, og dei kostar 29,- kr pr. stk.
Vi har hatt dei i to år, og hittil har det gått fint med finansieringa.
tirsdag 10. februar 2009
Snø og sol
mandag 9. februar 2009
Spanskklubben
Vi er 7 damer som lærer oss spansk i lag. Vi møtest kvar eller annakvar måndag.
I kveld hadde vi lærar. Det er ein som er frå Chile. Han er saman med oss av og til.
Det er veldig nyttig å få hjelp av ein som kan språket.
Vi brukar same lærebøkene som på Ungdomsskulen. No held vi på med Amigos tres.
Vi har det ganske triveleg.
Her er vi på tur i Spania i april 2008.
søndag 8. februar 2009
På årsmøte
Fredag og laurdag var eg på fylkesårsmøte på Vestnes i lag med 3 andre damer frå Ørsta.
Vi køyrde i lag, og prata mykje.
Om fredagskvelden høyrde vi foredrag om "Klimaendringene, angår de oss ?" Vi hadde mange spørsmål til foredragshaldaren. Det var kjempeinteressant.
Laurdag fortalde leiaren på eit asylmottak om "Erfaringer som leder for asylmottak". Det var og lærerikt. Elles var det kjekt å møte damene frå heile fylket.

lørdag 7. februar 2009
Morsdag
torsdag 5. februar 2009
På Folkehøgskulen
I går kveld var vi på Folkehøgskulen og høyrde på redaktøren i Vagabond som snakka om å reise.
Skal ein forstå kulturen i landet der ein reiser, er det ikkje nok å lese reisebøker, sa han. Då må ein lese skjønnlitteratur frå landet. Og så må ein komme i kontakt med dei som bur der og snakke med dei. Han heldt på ein heil time, og det var interessant!
Mange hadde møtt fram, og det var kjekt å møte folk vi har reist saman med på skulen sine turar.
Kaffi og kaker var å få kjøpt.
Vi fekk og ein gjennomgang av tilboda Møre Folkehøgskule har dette året.
Kanskje "Eventyrlege Kapadokia og magiske Istanbul" i oktober kunne vere aktuelt?

mandag 2. februar 2009
Omsettingsproblem
Eg må be lesarane mine om orsaking for at eg av og til brukar
bokmålsord. Det har ein grunn: Når eg tenkjer på at mine vener i USA skal lese det eg skriv, sjekkar eg omsettinga på engelsk. Og viss det er alt for gale, må eg bruke bokmålsordet. Omsettaren har problem med nynorsk.

søndag 1. februar 2009
Besøk hos slekt.
Denne helga har vi vore på besøk til slekta. Vi har besøkt Solrunn og John,
Frode og Olaug, og vi budde hos Arne og Gunn.
Laurdag var det stor grautmiddag hos Gunn og Arne. Der var også Frode med familie,
Bjarte, Camilla og Johanne og kusine Solveig.
Frode og Olaug, og vi budde hos Arne og Gunn.
Laurdag var det stor grautmiddag hos Gunn og Arne. Der var også Frode med familie,
Bjarte, Camilla og Johanne og kusine Solveig.
Abonner på:
Innlegg (Atom)