fredag 11. april 2014

Tur til Brevik og Porsgrunn


Sundag 30. mars tok vi tur til Brevik og Porsgrunn.
Asle og gutane hadde vore på besøk hos oss frå fredag.
I andre etasjen i huset bak gutane budde Severin Vedeld i 1946 då Hans var på sommartur hit med familien sin frå Auli.

Cort Adeler statuen i Brevik.
Han var fødd i Brevik i 1622.
Han døydde i København i 1675.
Norsk-dansk sjøoffiser.
Svigermor Karen snakka om han.


Is må til om våren ikkje heilt er komen.
Isdama skulle ikkje ha ope før i påska, men då ho var der, og døra stod open og sola skein, fekk vi kjøpe is.

Krystallhuset i Brevik.
Glasshuset vart bygd i 1995 for å stille ut ein bergkrystall frå Norcems gruver.
Krystallen er ein halv meter lang.
veldig flott!

Og så måtte vi sjå minneplassen etter den thailandske kongen sitt besøk i Brevik
Kong Chulalongkorn besøkte Brevik i 1907.
Minnesmerket og statuen vart sett opp i 2010.
Kongen kom til Brevik i yachten sin og ankra opp ved hamna.  Han blei godt motteken og vist rundt med hest og vogn. Veret var så strålande at han skriv heim til Bankok at det var like varmt i Brevik som i Thailand.


Og her er huset der farmor Karen var tenestejente hos Severin Vedeld i 1927 til 1930.
Vi har sett på det fleire gonger vi har vore her.
No kom dama som bur her og sa ho hugsa oss frå sist.


Dette flotte bygget er ikkje lenger i bruk som jernbanestasjon. Jernbanelinja var dekt av asfalt.

Desse damene vinka til oss frå balkongen.

Asle fann Mc Donald i Porsgrunn
med GPSen.

Therese har kjøpt seg eit koseleg hus og pussa det veldig fint opp. Ho har gjort mykje sjølv og fått god hjelp av far Pål og fleire.

Jakob, Jonas, Asle, Therese, Aksel og Bjørg
utafor huset deira.

1 kommentar:

AnnfridF sa...

Var dei i Brevik hos Severin alle dei fire systrene i tur og orden?Mor snakka om tida i Brevik.Eg har eit fint bilde av mor og far teke i 1937 i bryllaupet til tante Ella og onkel Johannes.Så mor for frå kjærast på Leikong og vart tenestejente i Brevik.Far hadde til og med ein fin bil, Buik, med ekertar av tre,eik.Fint bilde.